Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til julemarknad i Myrvang

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 6. november 2023

Ein gjeng, som driv med strikking, dekorasjonar, matproduksjon og varesal, har gått saman om å arrangere julemarknad i Myrvang forsamlingshus laurdag 11. november klokka 12:00 – 17:00. 

Desse stiller ut og sel varene sine på laurdag

  • Kristin tek med seg eigeenproduserte dekorasjonar, kransar og hjarte, som kan pynte opp både inne og ute til jul.
  • Bjørn Kvendset sel honning frå Todalen
  • Ingrid Kvendset sel strikkevarer
  • Gunhild Kvendset sel strikkevarer
  • Møyfrid T. Røkkum informerer om Mary Kay
  • Pestua gard sel egg frå Todalen
  • Kjersti Langeland sel rakvedpynt, julekuler, lykter og litt strikkevarer
  • Elsa Kvande sel produkt frå Norwex

Arrangørane lover at det også blir høve til å få kjøpt seg kaffe!

Så er ein ikkje ferdig med julegåvehandelen enno, så kan ein heilt sikkert få eit julegåvetips eller to på julemarknaden i myrvang!

Arrangørane ønske alle velkomne til julemarknaden i Myrvang.   

Publisert: 6. november 2023, 14:25