Søndag 15. september klokka 12:00 – 15:00 inviterer Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) til Jakt- og fiskeskole i Søyådalen, der temaet er mat på primus.
Å lage mat ute på tur er både spennande og lærerikt. Naturen har mykje å by på, og dette vil SJFF 0nytte av denne søndagen. Mat på primus er så mykje meir enn berre eit måltid. Det er ei oppleving, og så smakar maten enda betre utandørs!
Jakt- og fiskeskole 2024: Mat på primus – SJFF
Oppmøte ved Midtseterbrua.
Ta med spann eller korg, drikke og sitteunderlag.
Det er bomveg, og betaler gjer ein ved ved Østbøen. Godt med parkeringplassar ved Midtseterbrua.
Eventuelle allergier/matintoleransar må meldast på førehand.
Påmeldingsfrist er laurdag 14. september, og det er gratis for medlemmar og kostar kroner 30,- for dei som ikkje er medlem.