Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag inviterer onsdag 14. februar klokka 17:30 til ishockey og leik på skeiser på sjøisen. Oppmøte ved småbåthamna litt før 17:30. – Isen er trygg, men ungane bør ikkje gå utpå heilt åleine, så fint hvis vi blir fleire vaksne, oppfordrar Anders Gjeldnes, leiar i Barne- og ungdomsgruppa.
Barne- og ungdomsgruppa stiller med ishockeymål, køller, puckar og faklar. – Vi håper dette er eit tiltak som får folk til å komme, avsluttar Anders.
Barne- og ungdomsgruppa ønsker velkommen til ishockey på sjøisen!