Fredag 25. – søndag 27. okotber inviterer Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) alle over 18 år til introjakt på hjort på Vaulen. Oppmøte på parkeringsplassen ved Solåsvatnet klokka 18:00.
SJFF inviterer til introjakt der alle som uerfarne eller heilt fersk jegarar over 18 år kan vere med å få lære om storviltjakt. På Vaulen har SJFF fått tildelt både hjort og elg, og det kan skytast rådyr.
SJFF har erfarne instruktørar med fokus på oppleving, deltaking og involvering, og som har kapasitet til å rettleie kvar enkelt deltakar.
Ønsker ein å delta med våpen, er kravet at ein kan dokumentere bestått skyteprøve jaktåret 2024/2025 og at ein har betalt jegeravgifta for jakt på alt vilt.
SJFF oppfordrar deltakarane til å laste ned WeHunt-appen. Det er fint om ein har med jaktradio, men det er ikkje eit krav. Hovudlykt er derimot eit must!
Hugs også klesplagg (lue, vest, jakke) med signalfarger! Det er viktig å hugske at ein skal vere kledd for å vere ute nokre timar, og kanskje i ruskete vêr.
Her finner ein nedlastbart kart over området.
Overnattinga på Vaulen:
Alle deltakarane tek med tørrmat (brød og pålegg) og drikke til eige bruk, så vil ein saman lage felles middag.
Til overnattinga trenger ein sovepose, eventuelt lakenpose til dyne du kan låne, og putetrekk.
Blir det felt hjort eller elg, vil det bli moleg å få kjøpe kjøtt etter jakta. Alle som deltek vil få tilbod om å vere med på nedskjæringa.
Tilbudet går til alle ferske storviltjegarar, både medlemmer og dei som ikke er medlemmer.
Pris for medlemer kroner 500,-, og for ikkje-medlemmer kroner 1.000,-.
Leiar i jaktutvalet, Tor Fredrik Mikkelsen, tek imot påmeldingar på e-post torfredrikmikkelsen@outlook.com
Lurer ein på noko, kan ein ta kontakt med Tor Fredrol på telefon 476 07 581.
Om det melder seg fleire deltakarar enn det SJFF har kapasitet til, vil det bli gjennomført loddtrekking mellom dei som har meldt seg på.