Torsdag 14. november klokka 17:00 inviterer Surnadal kunstforening til ny utgåve av utstillinga «Haustlys» i galleri Finstuå på Surnadal kulturhus. Denne gongen er det kunstnaren Astrid Narvestad Wærdahl, som er busett i Bøfjorden, som viser fram sine spanande bilete i Finstuå på kulturhuset.
«Haustlys» opnar torsdag 14. november klokka 17:00, og til opninga har kunstforeninga fått med seg sjølvaste Linda Eide til å seie nokre ord. Ho har forestilling i Storstuå på kulturhuset seinare på kvelden. I Storstuå vil ho saman med Sjur Hjeltnes ha forestillinga «Fosse for dumskallar», så her kan ein, ved å sette av kvelden, får ein altså med seg både kunst og humor!
Utstillinga til Astrid Narvestad Wærdahl viser ein serie med digitale trykk, handmåla med metallisk akrylmåling på akrylplåter. Serien består av 11 bilete, som vil endre uttrykk, alt etter kva vinkel ein ser på dei frå. Ved 5-fargetrykk og metalliske refleksar blir det skapt ei eiga djupne når ein ser det frå enkelte vinklar.
Haustlys held dørene opne fram til og med laurdag 30. november.
Litt om kunstnaren Astrid Narvestad Wærdahl:
Wærdahl er fødd i Oslo i 1955, og bur no i Bøfjorden. Ho er utdanna ved Kunstskolen på Røros, tre/keramikk/metall (1978/79) og ved Bergen Kunsthåndverksskole, Grafisk (1979-1983).
Karriere:
- Ho hospitert ved Kunstakademiet i Bergen (1983).
- Medlem av Norske Billedkunstnere (NBK)
- Representert ved Vestlandsutstillingen (1983)
- Sørlandsutstillingen (1984)
- Arbeidet som grafisk designer mellom anna i Lillehammer Olympiske Organisajonskomité (LOOC) (1991-1994), TV 2 som promotiondesigner/Nyheter/Program (1994-2009) og Amfi Kreativ (2010-2024).
Plakat «Haustlys» 2024 – 14. – 30. november
Surnadal kunstforening ønsker alle velkommen til opninga av Haustlys eller til å ta ein tur innom utstillinga i opningsperioden!