Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til gudsteneste med presentasjon av konfirmantane på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 8. september 2025
Søndag 14. september klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg på søndag er Pål Arne Winsnes, som denne gongen har fått med seg Torbjørn Brøske som medliturg. Organist er Oddveig Helset Halle medan Rannveig Brøske er klokkar. 
 
Det blir denne søndagen presentasjon av dei fire konfirmantane som skal konfirmerast i Todalen kyrkje neste vår. Desse er: Fredrik Sogge, Jakob Ranes, Lisa Ranes og Natalie Astrid Brusethaug. 
 
Takkofferet denne søndagen går til Misjonsprosjektet i Etiopia, og ein kan gje via Vipps 506908 eller med kontantar i kyrkja. 
 
Gudsteneste i Todalen kyrkje – program og salmar
 
Etter gudstenesta oppfordrar soknerådet til å ta ein tur på Tjønnmyran til Trimgruppa i Todalen Idrettslag sitt sosiale samvær der
 
Todalen Sokneråd ønsker alle velkommen til gudsteneste i Todalen kyrkje!
Først publisert: 8. september 2025, 10:12 - Sist oppdatert: 9. september 2025, 10:01