Laurdag 27. juli blir det sommarkonsert i Stangvik kyrkje. – Det er Einy Rendal Elgsæther og Svein Volle som inviterer til konsert med slekt og vener som aktørar for eit variert program med m.a. Mozarts klarinettkonsert i a-moll ved Roar Alnes Aarum på klarinett og Margaret Standal Volle Haugland på orgel.
– Roar Alnes Aarum er første-klarinettist i Det Norske Blåseensemble.
– Margaret, som er kantor i Giske, spelar også fransk orgelmusikk av Widor og Duruflè.
– Ola Bræin spelar på munnspel religiøse folketonar samla av hans far Edvard Bræin.
– Svein Volle syng songar av og med Svein Gjære på piano og Bibelske songar av Antonin Dvorak akkompagnert av Hedda Hansen Berg.
Elles variert og rikhaldig program der ein også får vera med på fellessong. Konserten startar kl 16.00 og er open for alle – og er altså gratis!