Torsdag 18. september inviterer Surnadal demensforening og helselag til gratiskino i kinosalen på kulturhuset. Da vil dei vise filmen om da Stig fekk konstatert at han hadde alzheimer, til tross for at han berre var 50 år. Da bestemte han og lillebror John seg for å lage film om utviklinga av sjukdomen, sjølv om det vart nært og utfordrande. Dei to ville vise korleis sjukdomen kom til å utvikle seg, for å spreie kunnskap om kva alzheimer gjer med dei som får det.
Heile denne veka kjører Surnadal demensforening og helselag den årlege demensveka, og har lagt fleire arrangement til denne veka – innsamlingsaksjon i lag med Surnadalsrussen, foredrag om demens, og no altså gratis film i kinosalen. Det skjer torsdag 18. september kl 14:00, og da blir den timeslange dokumentarfilmen om Stig og John vist – «Kvar skal du bror» som kjem til å gjera eit sterkt inntrykk på ein og kvar – difor håpar vi at flest muleg kjem for å sjå filmen, seier Liv Botten, som er leiar i Surnadal demensforening og helselag.

Surnadalsrussen kjem på døra denne veka – dersom du ikkje er heime kan du bruke vipps nr 709094 for å være med og bidra til demensaksjonen. Foto Jon Olav Ørsal
Ho håpar at du enten har hatt eller så får du besøk av Surnadalsrussen som kjem med innsamlingsaksjonen – dersom du ikkje er heime når dei kjem på døra med bøssene, så kan du bruke vipps for å bli med på aksjonnen like vel. Innsamlingsaksjonen har vippsnr 709094, og blir automatisk kreditert rett kommune som pengane kjem frå.