Onsdag kveld var det førebuing til årets 17.-frokost på Bordholmen. Det er fotballgruppa i Todalen I.L. som inviterer heile bygda til friluftsfrokost 17. mai etter at biltoget er ferdig. Starten på biltoget er kl 09.30, med oppmøte ved Matkroken L. Hals. Biltoget går oppover til Gammelfabrikken i Brusetmarka og nedover igjen til Bordholmen og frokost der. I fjor var det 148 som deltok på frokostarrangementet, men i år kjem det sikkert fleire i det fine sommarvêret som er meldt. For yr.no melder nemleg 20 varmegrader kl 11.
Men feiringa fortsett utover dagen, med folketog frå skulen til kyrkja kl 14.00, der det er gudsteneste kl 14.30 før folketogen med korpsmusikk går oppatt til skulen kl 15.15. I skulen blir det korpsmusikk og servering av sodd med høveleg tilbehør. Etterpå er det leikar for ungane og tale for dagen. I år er det Rannveig Brøske som skal halde tale for dagen.