Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til frokost 17. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. mai 2025

Todalen Idrettslag inviterer også i år alle til «nasjonalsdagsfrokost» 17. mai klokka 11:00 i Todalen ungdomshus. Her blir det servert frokostbuffet med mykje god og variert mat. Russen er spesialinvitert, og får gratis frokost om dei kjem i russeutstyr!

Rundt klokka 12:00 blir det servert kaffe og kaker, og Ingri og Ragnhild frå Todalen historielag historielag bilder frå feiringa av nasjonaldagen frå tidlegare tider, og frå nyare tid og fram til i dag. For den som ikkje vil ha fokost, men vil ha kaffe, kaker og få med seg historiske bilder, så er det berre å møte opp litt før 12:00!

Fokosten kostar i år kroner 125,- for vaksne, alle fødd i 2010 eller tidlegare. Betale for frokosten kan ein gjere med Vipps og kontantar. 

Heile 17. mai-programmet for Todalen

Todalen ønsker alle velkommen til «nasjonaldagsfrokost» i ungdomshuset!

Publisert: 14. mai 2025, 17:06