Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til foredrag om demens

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 6. november 2022

Torsdag 10. november klokka 18.00, på møterommet på Surnadal sjukeheim, inviterer Surnadal demensforening og helselag til foredrag om sjukdommen demens. Da kjem fastlege og spesialist i allmennmedisin, Kari Løvendahl Mogstad og held foredrag om temaet.

Kari Løvendahl Mogstad er ein veldig engasjert lege på mange områder. Ho er også forfatter og ein ivrig samfunnsdebattant. Ho var mellom anne gjest hos Lindmo, på NRK1 TV, fredag 21. oktober, der temaet var eteforstyrring. Mogstad er fastlege i Trondheim, men vaks opp i Surnadal. 

Dette er ein kveld for alle som får kvardagen sin påverka når nokon blir ramma av demens.  

Det er Surnadal demensforening og helselag som står som arrangør, og dei håper mange vil møte opp på denne kvelden, for å få med seg foredraget til Mogstad. 

Det blir enkel servering og utlodning.

Surnadal demensforening og helselag ønsker alle velkommen!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 6. november 2022, 10:00