I samband med at Surnadal kommune skal revidere «Plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv», inviterer kultureininga til folkemøte i Svorka-salen på Surnadal kulturhus, tysdag 20. september klokka 19:00.
Dette er eit viktig møte for alle lag og organisasjonar som vurderer nybygg eller rehabilitering av idrettsanlegg, forsamlingshus eller friluftslivsanlegg.
Så har laget eller organisasjonen din slike planar for perioden 2023 – 2026, og der de eventuelt ser for dykk å få støtte frå det offentlege, gjennom spelemiddelordninga til Norsk Tipping, da må tiltaket vere med i anleggsoversikta i «Plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv». Folkemøtet er ein del av forarbeidet til akkurat denne plana.
Kultureininga i Surnadal kommune håpar difor, under dette møtet, å få oversikt over alle planlagde anlegg for den komande fireårsperioden. Ta kontakt med kultureininga om de har planar, men ikkje kan møte, for fristane er svært korte utover hausten.
Temaet for møtet er altså planlagde anleggsutbyggingar, og kva ein må forhalde seg til av fristar og krav for å kome på lista for eventuelt å kunne søke om spelemidlar.
Elles vil ein møtet få ein oversikt over kva som har skjedd av anleggsutbygging i kommunen den siste perioden. Idrettskretsen vil også delta med eige innlegg under møtet.