Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til «Felles middag» onsdag 26. april

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 23. april 2023

Kyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 26. april klokka 16:30. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.

Dørene opnar klokka 16:00. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:30.

«Felles middag» kostar kroner 50,- per person over 12 år, medan det for personar under 12 år er gratis. Du kan betale med kontantar eller Vipps.

Påmelding til Elsa Jensvold på telefon 995 18 162. Du kan også sende SMS, men da må du hugse å skrive antall og alder på dei du melder på. Påmelding seinast måndag 24. april.

Kyrkja i Surnadal ønske alle velkommen til «Felles middag»!

Felles middag 26. april

 


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 23. april 2023, 18:00 - Sist oppdatert: 24. april 2023, 05:42