Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til «felles middag» onsdag 20. november

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 17. november 2024

Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 20. november klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.

Dørene opnar klokka 15:30, og middagen blir servert frå klokka 16:00. Det heile blir avslutta med ein song klokka 17:00.

«Felles middag» kostar kroner 100,- per person over 12 år, medan det for personar under 12 år er gratis. Du kan betale med kontantar eller Vipps.

På onsdag blir det servert fiskekaker med stekt løk, råkost og poteter.

Påmelding til Gro Hauge Venås på telefon 971 61 071. Du kan også sende SMS, men da må du hugse å skrive antall og alder på dei du melder på. Påmelding seinast tysdag 19. november.

«Felles middag» 20. november

Kyrkja i Surnadal ønske alle velkommen til «felles middag»!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 17. november 2024, 17:30 - Sist oppdatert: 18. november 2024, 07:13