Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til «felles middag» julespesial onsdag 18. desember

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 13. desember 2024

Ein onsdag i månaden dekkjer kyrkja i Surnadal bordet til «felles middag» på kyrkjelydshuset. Da inviterer dei store og små i alle aldrar til middag på kyrkjelydshuset. Onsdag 18 desember klokka 16:00 inviterer dei til «felles middag» julespesial!

Middagen blir servert frå klokka 16:00 og dei avsluttar rundt klokka 18:00.

Pris kroner 175,- for vaksne og gratis for barn opp til 12 år. Det er mogleg å betale med Vipps og kontantar.

Onsdagens julespesial-middag er ribbe, pølser, medisterkaker, rødkål, poteter og julesaus. Til dessert blir det servert riskrem og karamellpudding.

NB! Påmelding til middag må skje innan fredag 13. desember. Ring eller send SMS med tal på personar til Gro Hauge Venås mobilnr. Gjev beskjed om eventuelle matallergiar.

Felles middag julespesial onsdag 18. desember

Alle er hjarteleg velkomne!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 13. desember 2024, 09:00