Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til familiesjøfiskekveld på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 9. august 2021

Torsdag 12.august klokka 19:00 inviterer Surnadal Jeger- og Fiskeforening (SJFF) til familiesjøfiskekveld frå båt, både for store og små, på Nordvik. Dette er eit årvisst arrangement SJFF har arrangert i fleire år, og som har vore eit populært arrangement. 

– Det blir, som tidlegare år, fisking frå båt, grilling av fiskehamburgarar og mange premiar, kan leiar i Fiskeutvalet i SJFF, Linda Humberset, fortelje.   

– Det har tidlegare vore opp mot tretti deltakarar på arrangementet, så vi håper sjølvsagt på god oppslutning i år òg, fortsett Humberset. 

SJFF har noko utstyr til utlån, men oppfordrar alle som har redningsvestar og fiskestong sjølv, om å ta med dette. Dei oppfordrar og folk til å ta med seg ekstra klede, da det kan bli litt kjølig utover kvelden. 

Arrangementet er gratis, og det er inga påmelding. Oppmøte ved Slettneset på Nordvik. Arrangementet er for heile familien og alle er hjarteleg velkomne. 

Familiesjøfiskekvelden er ein del av Norges Jeger- og Fiskeforbund sin «Fiskesommar», der lokalforeiningar over heile landet legg til rette for ulike fiskearrangement i elver, sjø og vatn. 

 

Publisert: 9. august 2021, 15:00