Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til familiedag på Vaulen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. juli 2025

I år er det Friluftslivets år, søndag 31. august klokka 10:00 inviterer Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) til familietur på Vaulen. Har ein ikkje vore på Vaulen før? Da er dette ei fin moglegheit til å kome seg dit og få sjå den fine plassen Vaulen er! 

Det er lagt opp til felles avgang frå parkeringsplassen ved Solåsvatnet klokka 10.00. Vestre Nordmarksvegen er bomveg, og det kostar kroner 120,- for eit dagskort. 

Turen inn til Vaulen tek i underkant av to timer i eit lettgått terreng. Skulle ein ha utfordringar med å kome seg dit til fots, så ta kontakt med SJFF. Dei vil, så langt det er moleg, sørge for båtskyss innover til Vaulen. Så har ein behov for båtskyss, ta kontakt på på e-post eller ring telefon 975 42 287.

Det blir forskjellege aktiviteter som passer for både store og små, og sjølvsagt blir det mat å få!

Om nokon har lyst til å dra inn dagen før og overnatte, er dere velkomne til dette! SJFF vil vere på plass. Skal ein overnatte treng ein sovepose, eventuelt lakenpose, til dyne du kan låne og putetrekk. Det er gratis å overnatte frå laurdag til søndag, men ein må sørge for eigen mat. 

Familiedag på Vaulen søndag 31. august

SJFF ønsker velkommen til familiedag på Vaulen 31. august!

Publisert: 22. juli 2025, 14:22