PT-utvalet inviterer til fakkeltog laurdag 17. januar. Det blir ei stille markering, for å legge attom oss eit år med fleire tragediar og mykje sorg. – No går vi vidare, og støttar kvarandre inn i ei ny tid.
Vi møtes ved Matkroken L.Hals kl 16, og går til kyrkja, som er opa – der det blir servert varm drikke. Det er kjøpt inn ein del faklar som blir delt ut. Alle er velkomne!