Tysdag 25. juni, frå klokka 18:00 inviterer Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) store og små til ettermiddagstreff i og utanfor Surnadal kulturhus. Her blir det forskjellege aktivitetar.
Klokka 19.00 viser dei filmen «Jakt og fiskelandet», ei skikkeleg filmoppleving, der jakt og fiske i Norge står i fokus. Filmen vart laga i samband Norges Jeger og Fiskerforbund (NJFF) sitt 150 årsjubileum og er ei stor oppleving for alle jakt- og fiskeinteresserte.
Etter filmen blir vinnarane av SJFF sitt aktivitetslotteri 2024 kunngjort!
Ettermiddagstreffet er gratis og alle er velkomne!