Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til bokbad med Arild Staverum

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 9. oktober 2025

Måndag 13. oktober klokka 19:00 kjem Arild Stavrum til Surnadal bibliotek for å lansere sin nye roman «Ukyssede sko», ein drivande historisk roman om idrett, klasse, sjalusi og kjærleik! Vi inviterer til bokbad kor forfattaren blir intervjua av sin redaktør Kari Joynt.

Arild Stavrum kjem frå Kristiansund, og er godt kjend som både fotballspelar, trenar og forfattar! Han debuterte som forfattar i 2008, og har sidan skrive fleire bøker for både barn og vaksne. Heimbyen Kristiansund og byen sitt brytemiljø er bakteppe i den nye romanen.

Surnadal bibliotek ønsker alle velkommen til bokbad med Arild Staverum!

Publisert: 9. oktober 2025, 08:47