Tysdag 3. desember klokka 19:00 inviterer Stangvik Grendalag til blidspent førjulskveld i Bryå i Bondehuset. Dit kjem heilt sikkert «Åge Hareide» og «Nils Arne Eggen», i Johan Øiestads sin versjon, er blant gjestane når Stangvik Grendalag inviterer til blidspent førjuskveld.
Johan Øiestad og Svein Sæter er barndomsvener som saman har skrive boka «A-laget. Norges 25 største fotballspillere gjennom tidene». På den blidspente førjulskvelden byr dei på sterke og elleville historier frå denne og andre bøker, sekundert av ei rekkje kjendisar. Sjølvaste «Kong Harald» vil ha oppsyn med det heile. Det blir også musikalske innslag ved Dagny Marie Øiestad.
Det blir høve til å handle julegåver frå Stangviks eige bokforlag, Blomsterhaug, pluss bøker skrivne av Svein Sæter. Forlaget melder om «latterleg låge prisar»!
Det er gratis inngang, og det blir sal av kaffe, kaker og rundstykke.
Stangvik Grendalag ønsker velkommen til blidspent førjulskveld i Bondehuset!