Stangvik Grendalag inviterer til sin årlege basar i Bondehuset laurdag 30. november klokka 16:00. – Vi kan garantere smakfull kaffe, gode kaker og anna deilig mat, heiter det i invitasjonen frå grendalaget.
Kanskje møter ein gamle eller nye kjente også, og kan få ein god prat? På grendalaget sin basar i Bondehuset er det gratis kaffe og mat, så her kan ein unne seg ei lang stund med mykje god kaffe og mat, medan ein ventar trekninga!
Det er alltid eit stort gevinstbord på basarane i Bondehuset, så det garanterer grendalaget at det også blir denne gongen. Hovudgevinsten er ein matoppleving for to på Svinvik Gard.
Ein kan kjøpe lodd allereie no ved å vippse til nr 115934, eller skanne QR-koden nedanfor. Kvart lodd kostar kroner 25,- per lodd.
Det er alltid eit stort gevinstbord på basaren, der hovudgevinsten er ein matopplevelse for to på Svinvik Gard. Du kan kjøpe lodd allereie no ved å vippse til nr 115934, det koster kr 25 per lodd.
Inntekta frå basaren går til drift og vedlikehald av Bondehuset.
Stangvik Grendalag håper å sjå deg på basaren sin!