Salmeskatten er felleseige. Det tek Åsskard kyrkje på alvor med «Allsong i kyrkja» onsdag kveld kl. 19.30. Koret «P17» fører an – med «Norsk Salmebok 2013» som meny. «Salmeboka minutt for minutt» på NRK-TV hausten 2014 var ein kjempesuksess som viste kor variert – og populær! – salmekulturen vår er. I tråd med dette er publikum «hovudaktør» i Åsskard denne kvelden, får synge kjente salmer i lag med «P17» og får lære ukjente.
Det svingar mellom gammelt og nytt. Tradisjonelle «Alltid freidig» får korstemmer oppå melodien og litt bakgrunnshistorie på kjøpet. Eksempel på fornying er «Fordi han kom» – med tangorytmer i botnen. Gospelprega «Shine Your Light» og irske folketonar går hand i hand. Mellom salmene serverer koret litt frå sin klassiske notebank – Handel, Bach, Mendelssohn og Beethoven. Salmer og sitat etter Martin Luther hører også med. Koret spanderer kaffe etter songstunda og loddar gratis ut eit par eigne CD-innspelingar.