Surnadal Pensjonistlag inviterer til feiring av 50-årsjubileet sitt onsdag 26. februar klokka 16:00 på Thon Hotell Surnadal. Pensjonistlaget har motteke pengegåver, slik at prisen for å vere med på jubileumsfeiringa er berre kroner 200,- per person. Påmeldingsfrist fredag 31. januar!
Pensjonistlaget får besøk av fylkesleiar Anne Lise Hessen Følsvik i Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal, leiarane av pensjonistlaga i Sunndal og Rindal, og ordfører Hugo Pedersen.
Program:
- Det heile starter med festtale av fylkesleiar Følsvik.
- Etterpå vil fleire få ordet, mellom anna ordførar Hugo Pedersen.
- Gøran Bolme og Olav Mogstad står for underholdninga.
- Etter dette blir det ein times pause med avslapping og sosialt samvær og servering av forfriskningar.
Klokka 1830 blir det servert treretters festmiddag i restauranten.
Frist for påmelding er fredag 31. januar til Bitten på telefon 926 11826 eller Ragnhild på telefon 934 22 961
Surnadal Pensjonistlag ønsker alle medlemmer velkommen!