Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til 170-årsjubileum!

Einy Rendal Elgsæther Måndag 27. april 2015

Laurdag ettermiddag 6. juni inviterer Todalen Misjonsforening til 170-årsjubileum.  Det skjer i Todalen ungdomshus, og alle som vil delta er velkomne. Misjonskonsulent Janne Bjune og misjonær Åse Neergaard vil delta. På programmet står song, servering og gåve til misjonen og det blir høve til helsingar, og sjølvsagt gratis inngang.
Berre tre år etter at Misjonsselskapet vart stifta i Stavanger i 1842, vart det starta ei forening i den avsidesliggjande bygda Todalen på Nordmøre. I meir enn tjue år var misjonsforeninga det einaste laget i bygda.

I år fyller Todalen Misjonsforening, eller «gammelforeninga» som ho også er kalla, 170 år. Frå 1996 har foreninga for Det Norske Misjonsselskap (NMS) samarbeidd med foreninga for Sjømannsmisjonen (i dag Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet), som er over nitti år. Heilt sidan foreninga vart starta i 1845 har det stort sett vore halde regelmessige møter og ført nøyaktig møtebok og rekneskap over innkomne midlar til misjonens arbeid. Eit historisk og kulturelt klenodium. Foreninga hadde eit ambisiøs mål, med eit vidsynt perspektiv og store visjonar.

Første grunnregelparagraf lyder:
«Foreningens Formaal er efter beste Evne at medvirke til Christendommens Utbredelse blant ikke Christne Folkeslag og tilmed at virke og nære Sansen hos seg selv og andre for Misjonens hellige Sag.»  I starten var det over hundre medlemar. Sjølv om det i dag er berre omlag ti, så ønskjer medlemane å feira dette store jubileet, at foreninga har vore i gang så lenge og har vore med på å verkeleggjera noko av foreningas første visjon.

Forutan eit stort arbeid i Norge med ca 2000 foreningar og lag for born, ungdom og vaksne, så har Det Norske Misjonsselskap arbeid i 15 land og område der det no er oppbygd store sjølvstendige kyrkjer med kyrkjelydar som samlar tusenvis til gudstenester, og som driv skular, sjukehus og diakonalt arbeid. Misjonsselskapet har også, som andre misjonsorganisasjonar, vore med på å gi lokale folkeslag skriftspråk og omset Bibelen til fleire språk.

Vår vesle forening ønskjer alle velkomne til ein hyggeleg jubileumsfest!

Todalen misjonsforening
v/ Einy Rendal Elgsæther, formann

Publisert: 27. april 2015, 18:07