Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer alle til 150-årsmarkering laurdag 22 november

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 7. oktober 2025

Todalen historielag inviterer laurdag 22. november klokka 18:00 alle til Todalen ungdomshus for å markere at det i år er 150 år sidan Nordmøres store spelemann Halvor O. Ørsal vart fødd. Halvor vart fødd den 22. desember i 1875.

Helge Husby har teke på seg ansvaret for underhaldninga under markeringa, og han seier dette i ein e-post til historielaget:

«Når det gjeld oss, så er undertegna den som frå 9-årsalderen har følgd Trygve Ørsal, vore fascinert over Ørsal-spelet, Tor Erik Jenstad har vore i miljøet rundt Trygve sia 1974, Ole Kristian Gundersen er assosiert med Todalen, Peder Hønsvik, trekkspel, har vore med i Nordmøre spelmannslag i mange år og såleis godt kjent med Ørsal-spelet. Tor Erik og eg har gjennom Hørkelgaddan gjeve ut CD-en Ørsalmusikken, med slåttar etter Halvor og Trygve Ørsal».

Heile CD-en kan ein høyre på Hørkelgaddan – Ørsalmusikken frå Youtube

Så da er det berre å sette av kvelden den 22. november frå klokka 18:00

Inngang kroner 250,-, som inkluderer rømmegraut, spekemat og kaffe!

Todalen historielag ønsker alle velkomne til 150-årsmarkeringa i ungdomshuset!

Publisert: 7. oktober 2025, 12:00