Onsdag 4. mai klokka 18:30 – 20:00, inviterer Surnadal kommune alle til orienteringsmøte om Helseplattformen i Svorkasalen på Surnadal kulturhus. Bakgrunnen for informasjonsmøtet er at Surnadal kommunestyre den 16. juni skal ta stilling til om Surnadal kommune skal delta i forprosjektet eller ikkje. Så lurer du på kva Helseplattformen er og kva felles pasientjournal for helsetenesta i Midt-Norge vil bety for deg? Da kan du ta turen til Surnadal kulturhus onsdag den 4. mai!
Helseplattformen AS skal innføre ein felles pasientjournal for heile helsetenesta i Midt-Norge. Dette inneber at kommunar, sjukehus, fastlegar og private aktørar i framtida vil bruke den same pasientjournalløysinga ved pasientbehandling.
Helseplattformen skal gje auka kvalitet i pasientbehandlinga, betre pasienttryggleik, meir brukarvennlege system og dermed sette helsepersonell i stand til å utføre sine oppgåver på ein betre og meir effektiv måte. Helseplattformen AS er per i dag eigd av Helse Midt-Norge RHF og Trondheim kommune.
På møtet deltek, forutan ordførar Margrethe Svinvik, mellom anna Nina Kongshaug, direktør for medisin og analyse og Øyvind Høyland, ass. direktør ved avdeling for kunde og innbyggar i Helseplattformen.
Meir informasjon om Helseplattformen finn du her: Helseplattformen
Les heile invitasjonen til møtet her: Invitasjon til orienteringsmøte