Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Invitasjon til begeistring i Bøfjorden

Invitasjon til begeistring i Bøfjorden

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. januar 2012

Bygdemobiliseringsprosjektet SPLEIS i Bøfjorden inviterer alle til ei uforglømmeleg helg i Grendahuset 20. og 21.januar 2012. Humørbonden Geir Styve held eit inspirasjonsforedrag fredag kveld med tema: Godt bygdeliv, begeistring og korleis møte utfordringar og motstand. Laurdag er det bygdelivsverkstad der ein avsluttar med begravelse av bygdadyret.

Humørbonden er ein etterspurt og anerkjent foredragsholder. Han er den einaste patenterte Humørbonden i landet. Han har utdanning og erfaring som logistikkoffiser i forsvaret, bygningsingeniør, fabrikksjef, Master of Management BI og bedriftsrådgiver. Humørbonden snakkar med glede, glød og begeistring om sine erfaringar og nærmiljøet i Nordhordland. Sist men ikkje minst er han levande oppteken av oppmuntringssaka i Noreg, særleg for dei som driv lokalsamfunnsutvikling eller skal etablere og drive små verksemder.

 Her finn du linkar til humørbonden og Bøfjorden si heimeside: http://www.humorbonden.no/  http://www.bofjorden.net/  her kan du laste ned oppdatert_innbyding som PDF frå SPLEIS.

Publisert: 19. januar 2012, 21:45