Talgøkonsernet er ikkje berre møblar, elementbygg og royalbehandla trelast. – Lokalt er det også 3 Byggmakker byggevarebutikkar og eit hagesenter. Det siste året har det vore investert store summar både i Surnadal, Sunndal og på Tingvoll. Vi må ruste opp butikkane og passe på at vi heile tida er konkurransedyktig, seier konsernsjef Terje Talgø som vidare fortel at det er i nedgangstider ein skal ruste seg på oppgangstider. – Han fortel vidare at nedgangen som har vore i oljebransjen nok har dempa byggebransjen litt, men satsinga på hagehus og elementbygg i Talgøs byggdivisjon har klart å holde farten oppe i konsernets byggvarebutikkar.
Vi hivar oss på og blir med på ein kjapp førjulsrunde til butikkane på Nordmøre, og startar på Byggmakker Tredal på Sunndalsøra. Her ligg ein enno i startgropa med oppgradering av anlegget, men her er ein del av naboeigedomen kjøpt opp og er innlemma butikk- og lagerarealet. Det gir armslag for framtida, og no er ein i planfasen og jobbar for å finne gode løysingar både for butikk, lager og parkeringsareal etter kvart, fortel Talgø.
Ferda går vidare til Fjordsenteret på Aspøya, der Byggmakker Bytås er lokalisert. Her har det skjedd store ting det siste året – både med Fjordsenteret og med Byggmakkerbutikken. Heile Fjordsenteret er bygd ut, og det er kome nye butikkar i butikksenteret. Her og er butikkarealet utvida og det er bygd eit nytt stort lager for Byggmakker Bytås. Det gamle lageret går no inn i butikken som dermed for både 2- og 3-dobla arealet. No er både lager og butikk under ombygging, og i løpet av våren skal vi nok få plass her. No er det berre litt detaljplanlegging som står att før ein kan trø i gang for fullt med nybutikken.
Vidare går turen over Halsafjorden og innover til Syltøran i Surnadal. På Syltøran har kanskje det meste skjedd utomhus det siste året, der vi har fylt opp nye tomteområde. I tillegg er det fylt opp og laga ny innkøyring og nytt parkeringsareal for butikkane. «Sylternbilar» har gått i skytteltrafikk med fyllmasse frå anlegget i Øvre Surnadal og rundt 40.000 m3 er til no frakta nedover bygda. Det meste av massen er brukt til oppfylling av tomteområde for lager- og produksjonsareal for Talgø MøreTre som fram til 2020 skal investere rundt 120 mill. i Surnadal og i Todalen.
Bildeglimt fra rundturen til Byggmakker-butikkane i førjulsstria – alle foto: Jon Olav Ørsal