Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Intimkonsert med Eirik 2. juledag

Intimkonsert med Eirik 2. juledag

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. desember 2011

Eirik Husby kjem 2. juledag til Todalen Brygge for å spela konsert. Dette blir ein intimkonsert, da Lars Olav surfer på dei blå bølger i Costa Rica denne jula. Eirik lovar at ingen skal få bakoversveis av lydnivået, men at dette heller blir ein kveld for lyttaren meir enn rockaren, kanskje med eit rødvinsglas i handa. «Men brus går også fint», seier Eirik.

Denne hausten har Snow On A Mountain spela i ulike samanhengar både i Oslo og i Drammen, blitt spela på NRK Møre og Romsdal med ein ny singel, og litt utpå vinteren kjem dei att til Møre for å spela fleire konsertar.

Det kjem til å bli ein del konsertering i tida som kjem, noko vi gler oss skikkeleg på, seier Eirik. Derfor blir konserten på brygga ei slags urframføring, utbryter han. Også ein ting til, seier Eirik, -vi vart faktisk anbefalt av Urørtredaksjonen, med singelen East End Angel i haust. Han tipsar alle som har lyst til å høyre denne songen om å gå inn på linken http://www.nrk.no/urort/artist/SnowOnAMountain/default.aspx  og bidra til at lyttartala blir enda betre. Det er spennande tider for bandet vårt, seier Eirik til slutt.  Dørene opnar kl 20.00!

Først publisert: 24. desember 2011, 23:01 - Sist oppdatert: 26. desember 2011, 19:12