Søndag ettermiddag var det konsert med forsmak på julestemninga i Skulstuå. Familien Kvendset frå Vanvikan, med mor og far – Randi og Ingebrigt, og borna Bodil(14), Hallvard (11) og Alfred (9) – frista oss med konsert og allsong. Det vart ei triveleg ettermiddagsstund med mykje song og musikk.
Dei to brørne Hallvard og Alfred avslørte seg som habile spellmenn på trekkspellet, og søstra Bodil hadde minst like godt lag med fela. Men dei avslørte også at dei hadde songstemma i orden, og hadde soloopptreden i tur og orden, i tillegg til at dei deltok saman med familien og i allsongen. I løpet av den timeslang konserten fikk vi variert musikk, både polka og vals og meir til. Dei var innom både gospel, salmesang og litt av kvart før dei runda av med «jeg er så glad hver julekveld», og hausta mykje applaus for sin opptreden i Skulstuå.
Det er no travle tider for i julekonsertbransjen, så denne gjengen hadde minikonsert på Stangvik aldersheim laurdag, og neste helg skal dei opptre på aldersheimen i Rissa. Inntekta frå konserten gikk uavkorta til Skulstuå, som serverte kaffe/saft og kaker til publikum i pausen.