Det er overskrifta når NRK skal anmelde filmen «Utøya 22. juli». Og dei er ikkje åleine om å hylle filmen til Erik Poppe. Fredag 9. mars har den premiere på Surnadal kino.
Kritikarane vekslar mellom å kaste stort sett 6 og 5 på terningen for filmen som NRK omtalar slik: «Utøya 22. juli er akkurat så intens, brutal og emosjonelt opprørende som den måtte bli. Samtidig har regissør Erik Poppe, sammen med manusforfatterne Anna Bache-Wiig og Siv Rajendram Eliassen, funnet en måte å fortelle denne historien på som føles dypt respektfull og ikke spekulativ, samtidig som den fulle tyngden av terroren slår inn.»
«Utøya 22. juli» (15 år) går alle tre dagane denne helga, om ein da også tel med fredagen. Det gjer også familiefilmen «Første mann» (6 år) – animasjonsfilmen som er laga av folka attom t.d. «Wallace & Grommit» og «Flukten fra hønsegården».
«Første mann» fortel historia om steinaldermenneska Døgg og Gnøffe som må samle stammen sin for å overvinne sin store fiende, Bhen frå bronsealderen.
Om du er så heldig å lese dette før torsdag kveld (08.03), kan du også plusse på to gode filmalternativ til på lista di: superheltfilmen «Black Panther» går for truleg siste gong torsdag kl. 1800 og kl. 2100 blir det truleg også siste sjanse til å få med seg årets oscarvinnar, «The Shape of Water», og det er rett og slett ein nydeleg film!