På grovkjøkenet på Talgø gard var det internasjonal forbrødring her om dagen da det vart laga hjort- og elgpølser etter både norske og polske oppskrifter. Det var Jon Olav Roaldset som var sjefspølsemakar, med god assistanse av Anita Talgø og polakkane Tadeuz og Damian Przespolewski frå Poznan. Det vart laga pølser etter tre forskjellige oppskrifter og med 30 kg råstoff og stapping i reingjort naturtarm vart det heimlaga pølser av beste merke.
Pølseproduksjonen var til eige bruk, og nerast eit prøveprosjekt for å rekne. Da Todalen.no var innom var gjengen i full gang med å stappe pølser, og dei første var ferdigkoka og klare til smaksprøve. Og det smaka slett ikkje verst! Vidare skulle det gjerast forsøk med røykjing av pølsene for å få til fleire smaksvariantar.
Dei to polakkane er i Norge på målararbeid, og det private pølsesprosjektet er nok eit resultat av felles matinteresser og i høgste grad småskalaproduksjon av privat karakter.