Laurdag ettermiddag var det tid for førjulskafè i Todalen ungdomshus. Det var Start 4H, FAU, PT-utvalet, idrettslaget, bondelaget og saniteten som hadde invitert sambygdingane til felles arrangement. Dei var spente på om folk hadde tid til eit lite avbrekk midt i julestrida, men det trong dei ikkje bekymre seg for.
Folk møtte opp og det måtte settast inn fleire bord og stolar for at det skulle bli plass til alle. Dei nye innflyttarane til Todalen var spesielt invitert, og programmet og underhaldninga var basert på at bygdas lag og organisasjonar skulle presentere seg sjølve. Terje Nordvik, som er «borgarmeister» på Todalsøra ønska velkomen – og leia publikum gjennom programmet. Terje la vekt på kor viktig det er for ei bygd å ta vare på skulen, butikken og dei funksjonane som lag og organisasjonar fyller i eit lite bygdesamfunn.
Først ute var Todalen sanitetsforening, der leiar Maren Ansnes fortalte om verksemda og aktivitetane i foreninga. Eit av dei viktigaste oppgåvene i sanitetens arbeid er folkehelse – og spesielt kvinnehelse. May Holten delte ut «lykkeskillingen» til Edvard Halle (Haugabu) som er den einaste som er fødd i Todalen i år. Sanitetsforeninga blir 100 år i 2016, og jubileet er alt under planlegging. Ingeborg Myrvang, leiar i FAU (Foreldrerådet arbeidsutval), hadde ei orientering om samarbeidet mellom skulen og foreldra og korleis det arbeidet fungerer.
Start 4H og klubbrådgjevar Ragna Kvendset var neste post. Start 4H er snart 50 og det er nok mang ein todaling som har hatt tilkyting til laget oppgjennom åra. Ragna orienterte og viste lysbilete frå aktivitetane som laget har hatt det siste året.
Rune Moe representerte PT-utvalet som er bygdas talerør i kommunale saker og kan ta opp aktuelle ting som er viktige for at bygdesamfunnet skal fungere. Det siste året har dei mellom anna jobba med namneforslag for vegane i bygda – alle skal nemleg ha si unike gateadresse.
Todalen Bondelag var det styremedlem Håvard Halset som presenterte. Det er 11 aktive gardsbruk i bygda, og han fortalte kva dei dreiv med og korleis laget jobbar. Todalen Bondelag er 94 år og eit av arbeidsområda deira er «Open gard» som i år vart arrangert i Viastua, med over 200 besøkande.
John Moe fortalte om verksemda i Todalen Ungdomshus. Dei leier ut ungdomshuset til alle typar arrangement, og har no montert nytt lydutstyr og AV-utstyr til bruk på forskjellige arrangement. Ungdomshuset er 114 år – men er godt halde vedlike og var sist opprusta i samband med TILs jubileum og har fått nytt sanitæranlegg i etterkant. Han er også leiar i Todalen historielag, og understreka kor viktig det er å ta vare på historia og ikkje minst at både «innfødte» og nye innflyttarar sett seg inn i bygdas historie. Historielaget driv med kulturvandringar, årsskrift og kåseriarrangement.
Todalen Idrettslag er kanskje det laget som dei fleste kjenner godt og har eit tilhøve til. Laget har 220 medlemar, og forvaltar både Borholmen stadion, ungdomshuset, skihytta og den nye lysløypa på Tjønnmyran, fortalte leiar Karin Halle. Laget driv elles med fotball, allidrett, trimtilbod og treningsstudioet «Hett og svett». Medlemskapet i idrettslaget gir gratis tilgang til aktivitetstilboda som laget driv. Todalen Idrettslag nytta og høvet til å dele ut idrettsmerke og skimerker. Dette er omtala i eiga sak på Todalen.no.
Så var det tid for kaffeservering. På Luciadagen var det sjølvsagt lusekattar på bordet, men også graut og bakels og andre tradisjonelle kaffebrød. Heilt på tampen var det allsong som Gudmund Husby leia, med «Musevisa» og «Det lyser i stille grender».
Arrangementet var veldig vellukka og arrangørane sette stor pris på at så mange møtte fram, seier Karin Halle som er leiar i Todalen I.L. Tilsaman var det over hundre deltakarar, fordelt på 10 nasjonalitetar. Karin seier at det er viktig at det er fokus på det som er positivt i eit slik lite bygdesamfunn og ho er ikkje i tvil om anna enn at dette arrangementet må bli ein årleg tradisjon. No vil dei evaluere opplegget og ta med erfaringane vidare for å få til eit enno betre opplegg.
Her har vi lagt ut bildeglimt frå førjulskafeen i ungdomshuset. Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal