Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Interessant «tur» til Sørishavet

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. april 2015

Tysdag kveld tok Lars Olav Lund oss med på ein interessant tur til Sørishavet – eller nærare bestemt til Sør-Georgia, der han i periodar i 2013 og 2014 har delteke i eit jaktprosjekt som nærast er ein «ryddeaksjon» etter kvalfangarane for rundt hundre år sia. Da vart det nemleg sett ut eit tital reinsdyr på øya i Sørishavet, med tanke på å være sjølvforsynte med ferkst kjøtt som eit supplement til kvalkjøttet.

Lars Olav Lund er oppsynsmann i Trollheimen for SNO. Denne kvelden tok han oss med til Sørishavet på reinsdyrjakt. Foto: Jon Olav Ørsal

Desse reinsdyra som vart frakta ned til Sør-Georgia har etter nærare hundre år vorte til fleire tusen dyr, og har etter kvart vorte ei økologisk katastrofe for øya. Engelskmennene som administrerer øya har gjennom lengre tid vurdert fleire metodar for å rydde opp i problemet, og løysinga var å finne i Noreg. Første året vart det gjort forsøk på å samle reinen for å slakte dyra i kontrollerte former. Dette viste seg å være vanskeleg, så det andre året vart løysinga og ta ut resten av dyra ved å jakte på dei i terrenget. Det vart rekruttert mannskap frå Statens naturoppsyn (SNO) for å ta seg av oppgåva, og Lars Olav Lund var ein av dei som var med på prosjektet begge åra.

Lars Olav Lund tok oss med på ein interessant tur, der han fortalte og viste lysbilde og film, både frå turen og jakta. Men vi fikk også litt historikk og innføring i det som har foregått på øya, både under kvalfangttida og etterpå – og ikkje minst dyrelivet på øya. Sjølvsagt var vi innom Grytviken som er den norske og mest kjent kvalfangststasjonen, og som delvis er teken vare på, -men også andre kvalfangsstasjonar i området.

Publikum_6938

Ein interessant kveld for mange jakt- og historieinteresserte todalingar. Foto: Jon Olav Ørsal

Det viste seg å være vanskeleg å ta vare på kjøttet som den ressursen det er. Det var alt for mange reinsdyr der, og det har naturleg vis gått utover kvaliteten. Simlene hadde ei vanleg slaktvekt på 20-25 kg og dei største bukkane opp mot det dobbelte. Dyra vart derfor avliva ved human jakt og opna for at åtselfuglar skulle gjera resten av jobben. Dette fungerte bra, og i løpet av nokre dagar var det berre beingrinda att, og etter eit år var alt borte.

Det viste seg å være over 6000 dyr på øya, og det vart litt av ein jobb å finne alt. Etter to sesongar med jakt var det framleis nokre dyr som går att. På nyåret i 2015 var 2 mann frå SNO nedover igjen og felte 45 dyr, så no er det håp om at det er tomt, fortel Lars Olav Lund. Neste prosjekt for engelskmennene blir å få bukt med rottene som finns på øya, utan at det skal gå ut over det dyre- og fuglelivet som finnes der. Men det blir ei anna historie.

KaffeServering_6940

Kaffe og nystekte bakels er ikkje å forakte. Frå venstre Jon Bruset, Johan Ørsal og Hans Gundersen. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 22. april 2015, 10:06