Sol ute, interessant og lærerik dag inne. Skulstuå i Todalen inviterte til kulturdag laurdag 30. august med foredrag om lærar og kyrkjesongar Kristian Halse.
Rannveig Eikrem har skrive masteroppgåve om Kristian Halse, og ho heldt eit svært interessant foredrag om læraren og kyrkjesongaren som kom flyttande frå Halsa til Todalen i 1897. Som ein kuriositet kan det nemnast at i heimbygda til Eikrem, Straumsnes, var folkemusikk forbode først på 1900-talet!
Kristian Halse var fødd i 1858 og døydde i 1942. Rannveig fortalde at Kristian var liten av vekst og sped, men overlag flink til å lese. Han gjekk lærarseminar på Klæbu og arbeidde dei første åra i Halsa. Han starta med kor, og det det første songarstemnet på Nordmøre vart arrangert på Rognskog i Halsa. Han skreiv tone til «Oppsong for Nordmøre» som er opningssongen på songarstemna på Nordmøre.
Men Kristian fann seg ikkje så godt til rette i heimbygda med pietisme og knoting på dansk. I 1897 vart han tilsett som lærar og kykjesongar i Todalen. Hit hadde han med seg kona Johanna og sonen Leif. Etter kvart kom det fem barn til. I Todalen fann Kristian livsfrisk ungdom som ville noko og som inspirerte han i lærargjerninga og musikkarbeidet. Han var ein dyktig lærar og svært aktiv i lokalsamfunnet. Han hadde tre merkesaker: Song og musikk, frilyndt ungdomsarbeid og nynorsk. I 1903 vart nynorsk innført som skulemål i Todalen. Kristian heldt kveldskurs i nynorsk for ungdommen i bygda, – dei samlast rundt spikhylla og diskuterte språk! Han fekk kjøpt inn nynorske bøker. Han stifta både songkor og musikklag; – Halvor Ørsal spelte førstefiolin i musikkgruppa.

Komiteen ved skulpturen av Vangsgutane. Kristian Halse var «Bestefar til Steinar og Kåre». Frå venstre: Line Marie Kvendset, Jon Olav Roaldset, Ragna Kvendset, Toril Redalen, Laila Kvendset Bergli, Siri Skjerve. Foto: Dordi Jorunn Halle.
Folkemusikktradisjonen var ikkje å synge salmane likt, men å synge med eigne vendingar, krullingar og ulikt tempo. «Somme krulla hit og somme krulla dit». Folk kappast om å synge sterkast og høgast i kyrkja for å dominere over klokkaren og dei andre i meinigheita. Det let ikkje bra! Klokkaren måtte kjempe for å få til ein velklingande salmesong. Men problemet løyste seg da orgelet kom.
Rundt 1900 starta Kristian Halse eit omfattande og viktig arbeid med å samle inn folketonar på Nordmøre; dei første kjeldene var Sigrid Engeseth, Ola Kvande og Halvor Nordheim. Han fekk statsstipend og reiste rundt med eit lite salmodikon og skreiv ned over 200 religiøse folketonar og 40 slåttar. I alt utarbeidde han åtte notehefte – «Paa heimveg», men han rakk aldri å gi ut dei fire siste. Hefte 5,6, 7 og 8 vart heilt tilfeldig funne att av professor i musikkvitenskap ved Universitetet i Trondheim, Ola Kai Ledang. No er det arbeid i gang med å tilrettelegge for at alle hefta kan digitaliserast og gjevast ut slik at arbeidet til Kristian Halse får den anerkjenninga det fortener i musikkhistoria på Nordmøre.
På veggene i Skulstuå er det kome fine og nye fisketeikningar av Ingvard Ortega Redalen, no i fargar.
Komiteen serverte nydeleg fiskesuppe med tilbehør og gode kaker.