Laurdag 13. august inviterte Stangvik historielag i lag med årnesgardingane til kulturvanding. Vandrarane møttest ved Grendahuset, veret var ikkje det beste, men dei tretti oppmøtte fekk ein både interessant og triveleg dag. I godt turfølgje merka ein ikkje regnet som sila ned.
Svein Aarnes ønskte alle vel møtt før han fortalde litt om Årnes. Han synte fram to teglsteinar som vart produserte på Årnes først på 18oo-talet. Teglverket var den første industribedrifta i grenda. Teglstein er laga av leire og vart brukt til takstein.
Kulturvandringa gjekk først etter skogsveg, før det bar bratt opp mot Ryinn. Der er det både kvilebenk, trimbok og flott utsikt mot Årnes og utover fjorden når det er klårver. Med hjelp av paraply for å verne boka fekk dei fleste skrive namnet sitt.
Neste stopp var ved Trøinn, her det er eit riktig fint gardstun med store, prektige bygningar. Opprinneleg hadde tre av Årnesgardane sommarfjøsa sine her, men den rike engelsmannen John Patrich Chaworth Musters kjøpte denne jordparten, og vinteren 1883/84 fekk han bygd hus her. Musters budde her kvar sommar i lange tider, og han budde faktisk fast i Trøinn i heile fem år, og fire av dei elleve ungane vart fødde her. Musters forpakta jaktrettar både på Årnes og på Nordmarka, og han dreiv laksefiske i Surna. John Musters bygde markagarden Vaulen i 1895. Musters var uvanleg interessert i natur, han var ornitolog. Da John Musters sommaren 1914 fekk beskjed om at 1. verdskrigen var i gang, reiste han i lag med familien i all hast heim til England. Sjølv kom han aldri meir att, men sonen budde på Vaulen fram til 2. verdskrigen. Frå 1917 var Trøinn bustad for driftsstyraren i kalkgruva. No er eigedomen i privat eige.
Turen gjekk vidare nedover fint kulturlandskap og tilbake til grendahuset. Der vart det servering av beste slag!
Svein Aarnes var dyktig guide på turen, og han leia og programmet vidare. Han hadde god hjelp av ei utflytta årnesjente, Gunn Signe Aarnes som no bur på Gjøra. Ho las eit stykke frå «Hjallarhorn» – avisa til Årnes ungdomslag, ei artig og humoristisk skildring av ein stortur ungdommane på Årnes arrangerte sommaren 1934 – overnattingstur heilt til Brattset øvst i Bøverdalen!
Etterpå fekk vi høyre erindringar frå Knut Aarnes (1870 – 1955) der han fortalde om da han gjekk for presten i Stangvik i 1885. Slik skriv han om presten Just Ebbesen: «Det var ein ein ung, ven og gåverik mann. Han vann seg snøgt mange vener, og med sitt kvikke og gemyttlege sinnelag og ljose kristendomssyn var han både prest og kamerat. Etter huskonsertane kunne han ta oss med ut på gardstunet, finne fram kuler, køller og bøyler og lære oss å spela «krokett»!» Knut Aarnes var lærar på Årnes i mange år, men første lærarjobben hadde han i Todalen i åra 1893 til 1896, storskulelærar og klokkar.
Nils Røv kåserte både på turen og i grendahuset, og han spela nydeleg på munnspel, slåttar frå Jämtland og Todalen, medan Bernt Bøe fortalde litt og spela til allsongane.
Kulturvandringa på Årnes vart ein riktig så innhaldsrik, allsidig og triveleg dag!