Onsdag andre mars inviterte Todalen historielag til filmkveld i Ungdomshuset. Filmen som stod på programmet, var svært så lokal. Hovedpersonen i filmen er Gudmund Halle frå Kårvatn, intervjuar er Olav Kvendset og filmskapar er Svein Åge Saksen. Filmen vart teken opp i 1994 da Gudmund var 81 år, og tema for filmen var kraftverk og kraftutbygging.

Leiar i historielaget, John Moe, ønska alle velkomne. Han var riktig godt fornøgd med oppmøtet, 40 personar i alt. Foto: Dordi J.H.
Gudmund Halle imponerer stort i filmen med solid kunnskap, utruleg godt minne, engasjement og stor forteljarglede. Han fortel om kraftutbygginga i Nauståfossen som skaffa kraft til dei tre heimane Kårvatn, Dalahaugen og Myrvang, – kraftverket stod ferdig i mars 1942. Da vart det lysfest! Og etter det vi fekk høyra, var det mange svære og lystige lysfestar i gamle dagar, ikkje berre på Kårvatn, men i alle grender der det kom elektrisk lys. Tydeleg vis var ikkje serveringa berre blautkake og kaffe på desse festane!

Etter filmen vart det kaffe, da gjekk praten vidare om kraft og kraftverk. Frå venstre Bård Andressen og Ragnar Halle. Bak ser vi at John Moe ser etter opplysningar i «Svorkahistoria». Foto: Dordi J.Halle
Det var mykje arbeid å bygge kraftverket oppi Nauståfossen, men vedlikehaldet kunne også vere svært strabasiøst fortel Gudmund i filmen. Vinters tid var det problem med kjøving, og da måtte han oppå fossen for å hogge is, ofte i djupsnø og mørke, hardt og tidkrevjande arbeid! Gudmund fortel også om andre karftverk i bygda, det var sju småkraftverk på det meste. Det var glede på Kårvatn da Aurakrafta kom i 1962.

Olina Halle ( til venstre) er enka etter Gudmund. Her er ho i lag med May-Elisabeth Holten og Sigrun Ørsal. Foto Dordi J.H.
I filmen gir Gudmund stor honnør til Olav O. Halle, Skogly. I følge Gudmund var Olav Skogly krumtappen i utbygginga av elektrisk kraft i bygda, han var sentral både i bygging og vedlikehald av kraftverka, i installasjon av elektrisitet i heimane, i montering og reparasjon av elektrisk utstyr.
Gudmund Halle fortel samanhengande i fem kvarter og imponerer som sagt med fagkunnskap, men også med muntre historier. Det vart ein interessant og artig kveld. Svein Åge Saksen har gjort eit viktig arbeid for å dokumentere lokalhistorie i denne filmen. Kanskje får vi sjå fleire filmar med lokalt innhald frå «Bækkerfilm».
Neste arrangement i historielaget er årsmøtet den 31. mars. Da er plana mellom anna å vise filmen «Polsdans frå Nordmøre i tradisjon frå Todalen».