Todalen sanitetsforening inviterte til ope møte om kvinnehelse tysdag 23. september. Oppmøtet var godt – mestå fullt hus, og foreleserane, Mette Holand og Ragnhild Maalen Bugge, var engasjerte og kunnskapsrike.
Mette og Ragnhild er kvinnehelsekontaktar i Møre og Romsdal NKS.
Kvinner er ikkje små menn!
Medisinsk forskning har i høg grad vore basert på menn. Men kvinner og menn er helsemessig meir ulike enn det ein har trudd og blir sjuke på ulike måtar. Og kvinner har ikkje fått og får ikkje like gode helsetenester som menn. Sanitetskvinnene har hatt fokus på dette problemet i fleire år og har arbeidd aktivt inn mot Helse- og omsorgsdepartementet for å styrke innsatsen for betre kvinnehelse.
Kvinnehelse handlar om sjukdom, plager eller tilstandar som rammar berre kvinner, som rammar fleire kvinner enn menn eller artar seg annleis for kvinner enn menn. Her kan det også nemnast at kvinner er mest utsett for vald og seksuell trakassering, og at dei ofte er «dobbeltarbeidande». Statistikk viser at kvinner arbeider meir deltid enn menn og har høgare sjukefråvær. Er arbeidslivet godt nok tilrettelagt for kvinner?

Jorunn Hals Ørsal, Jorunn Husby og Ingrid Pedersen ordna med kaffe og servering. Foto: Dordi Jorunn Halle.
Osteoporose = ei stor utfordring
Statistikk viser at det på verdsbasis er 70 beinbrott som skuldast osteoporose i minuttet, og det rammar nesten dobbelt så mange kvinner som menn. Dette medfører store plager og smerter for dei som er ramma, og det har store samfunnsøkonomiske kostnader.
Det er viktig å få stilt diagnosen osteoporose i tide, altså etter første beinbrott, og sette i gang med behandling før det blir fleire brudd. Behandlinga går ut på å bremse nedbryting av beinmasse og auke oppbygging.
Tiltak:
*Behandling med antiosteporosemedisin.
*Trening og fysisk aktivitet. Viktig med balanse- og styrketrening!
* Calsiumtilskott og inntak av mjølk, ost og andre mjølkeprodukt.
*Vitamin D – sol og tran.
Oppsummering: Kom deg ut i naturen og nyt sola – utan solkrem! Men hugs broddar på vinterføre!

Det vart servert både frukt og nydelege kanelsnurrar. Fremst: Karen Johanne, Liv, Marit og Einy. Foto: Dordi Jorunn Halle.