Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Interessant og lærerik historielagstur

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 27. juni 2025

Torsdag inviterte Stangvik Historielag og Todalen historielag sine medlemmer og andre til busstur til Oppdal. Målet for turen var Oppdalsmuseet og Gravfeltet på Vang i Oppdal sentrum. Turen starta frå Matkroken med påstigning under vegs. Øystein Moe var som vanleg engasjert som sjåfør for historielaga. 

God og innhaldsrik guiding

I Ålvundfjorden kom Nils Ulvund på bussen. Han er medlem i Stangvik Historielag og han fortalte oss namna på plassar vi køyrde forbi og andre historier frå Ålvundfjorden og Ålvundeidet. 

Romfo kirke frå 1820. Foto: B G Ansnes

På Sunndalsøra kom Tor Helge Gravem ombord i bussen, og overtok guidinga etter Nils. Han fortalte om mange av plassane og folket som bur og har budd oppover Sunndalen. Bussen tok ein tur bortom Bygdemuseet på Leikvin og Elverhøy, som Lady Arbuthnott i si tid bygde. Det vart og ein liten tur bortom Romfo kirke frå 1820. 

Det viste seg at Tor Helge også var godt i Oppdal, så han hadde god kunnskap om plassar og folk også etter at vi kryssa fylkesgrensa og kom til oppdal. 

Lunsjpause ved Lønset kirke. Foto: B G Ansnes

Kaffepause på Lønset

Ved Lønset kirke var det tid for kaffepause med noko å bite i. Historielaga hadde teke med seg kaffe, brus og kaker for ein liten kaffepause og strekk på føtene ved kirka. Det pågjekk restaureringsarbeid utvendig på kyrkja, så kyrkja vart låst opp, slik at den som ville kunne gå inn og sjå seg rundt inne i kyrkja. 

Klar for omvising på Oppdalsmuseet. Foto: B G Ansnes

Oppdalsmuseet

Framme på Oppdalsmuseet stod Heidi og Mary klare for å guide turdeltakarane rundt på museet. Oppdalsmuseet har i dag 36 bygningar, og fleire tusen gjenstandar. Jernbaneanlegget er siste tilskot, og Skiferanlegget er under etablering.

Det er Oppdal kommune, gjennom Oppdal kulturhus, som er eigar og drivar av museet. Museet er ope heile året, og i sommarsesongen har museet 1500 – 2000 besøk. Utanom sommarsesongen er det ein del besøk av skule- og barnehagegrupper og andre grupper. Museet tek også på seg arrangement med servering. 

Inne i Bekkastuggu. Foto: B G Ansnes

På rundturet rundt på museet fekk vi mellom anna sjå og høyre historier om Bekkastuggu, Dørresstuggu, Grøtsetra,  Skogstøggu, Jernbaneanlegget og Oppdal sin første telefonsentral. 

Meir om Oppdalsmuseet på kulturarv.no/kulturminne/oppdalsmuseet/.

Middag på museet. Foto: B G Ansnes

Middag på musseet

Etter rundturen på museet vart det servert midda. Det vart servert sodd med tilbehøv. Etter at alle hadde ete seg mette var det kaffe ute i finvêret. 

Gravfeltet på Vang. Foto: B G Ansnes

Gravfeltet på Vang

Etter middag og kaffe på museet, gjekk turen til Gravfeltet på Vang. Dette er eit av Scandinavias største gravfelt og inneheld rundt 800 gravhaugar frå yngre jernalder. Gravfeltet ligg i Oppdal sentrum og er lett tilgjengeleg 

Arkeolog Anne Lise fortalte om utgravingane som har vore gjort her sidan i gravfeltet 1966. Ho har sjølv vore med på utgravingar i gravfeltet, og ho hadde mykje og god informasjon om gravfeltet. 

Meri om Gravfeltet på Vang på oppdalsmuseet.no/oppleve/gravfeltet-pa-vang/.

Oppdal kirke. Foto: B G Ansnes

Siste stopp for heimtur

Siste stopp før turen gjekk heimover, var ved Oppdal kirke. Oppdal kirke ligg sentralt plassert og er bygd i 1651. 

Historielaga sin tur til Oppdal var ein interessant og innhaldsrik tur, så da er det berre å takke for turen og gle seg til neste tur!

Fleire bilete frå torsdagens tur nedanfor:

 

Publisert: 27. juni 2025, 07:43