Denne første onsdagen i juli kom med nydeleg ver og ein perfekt kveld for eit besøk i Svinviks arboret. Her var det både open kaffe med kjempegod rabarbrakake og omvisning i hagen med museumsgartnar Katarina Wedelsbäch Bladh.

Interessert publikum. Frå venstre: Harald, Marit, Hans, Elen, Bjørgulf og omvisar Katarina. Foto: Dordi J H
Omvisninga starta med at Katarina fortalde litt om Halvor Svinvik og historia til arboretet. Halvor fatta interesse for blomster og planter alt som gutunge. Læraren hans på Nordvikskulen, Skrøvset, hadde ein uvanleg fin og variert hage som var med og skapte ei livslang interesse for planter hos Halvor. Halvor, i lag med kona Anne, bygde opp arboretet gjennom mange år og fekk tak i planter frå inn- og ut-land. Halvor sette ikkje ned plantene etter botanisk system, men der han trudde kvar enkelt plante kunne trivast best. Og han flytta på plantene til han fann den ideelle veksestaden.
Halvor førte nøyaktig dagbok med innkjøp av frø og planter, og han noterte plantestaden. Han har også teke vare på frø- og plante-katalogar og på bestillingslistene, så det finst eit omfattande arkivmateriale etter Halvor. No arbeider dei med å rekonstruere plantesamlinga, dei har mellom anna begynt å ta fram att planter frå 1950-talet.
Hagen er mest kjent for rododendron, dei har no om lag 375 ulike rododendronar i arboretet. Det er spesielt interessant at Halvor oppdaga ei unik krysning av ein rododendron som har fått namnet «Gjengsto».
Men rododendron har heller kort sesong med blomstring, så det blir arbeidd for å få til samlingar med planter som blomstrar seinare på sommaren slik som peonar.
Vi vandra rundt mellom magnolia, bøk, tuja, mammuttre, urtidstre og stauder, interessant og spennande! Sjølvsagt tok vi runden om skjelkranstreet, mest kjent som apeskrekk – planta som Halvor såg på som juvelen i samlinga si.

Skjekranstre. Katarina fortalde at dei prøver å ta godt vare på apeskrekken – men han har fått brune greiner nedst, så no er dei litt bekymra i arboretet. Foto: Dordi J H
Hagevandringa vart avslutta med ein tur innom frukthagen – her var det i si tid nærare 600 frukttre. No blir det arbeidd for å få tilbake alle dei ulike sortane som Halvor hadde av eple, pærer og plommer. Arboretet samarbeider med Norsk Genressurssenter for å ta vare på ulike fruktsortar med lang historie i Noreg. Her skjer det eit stort arbeid med poding og stell av stiklingar.

Katarina syner fram frukttre om dei håpar skal vekse godt og gi god frukt om nokre år. Foto: Dordi J H

Frukttrea er planta i terrassar. Her ser vi gamle tre nedst og nye tre i terrassen over. Foto: Dordi J H.
Til slutt vart deltakarane inviterte inn i drivhuset der det var mogne druer i store klasar. Dei smaka berre heilt herleg, søte og gode!

Mykje druer i år. Dei beste druene fotografen nokon gong har smaka! Druene er delikate og reine! Fot:o Dordi J H
Omvisinga skulle ta ein halvtime, men med einkunnskapsrik og god guide og eit interessert publikum varte hagevandringa minst ein time.
Neste onsdag, 11. juli, er det konsert med Karstein Mauset og Jo Ranheim og open kaffe. Og i slutten av september blir det epledag i arboretet.
Fleire bilete frå hagevandringa:

Harald, Hans og Bjørgulf syntest det var kjekt og interessant å vere på hagevandring. Foto: Dordi J H