Søndag ettermiddag arrangerte Todalen historielag ettermiddagskaffe i Ungdomshuset. Som vanleg trekte arrangementet mange historieinteressert for å høre Helge Husbys kåseri om slaget i Gratangsbotn den skjebnesvangre aprildagen i 1940. Det har nærast vore lagt lokk på denne hendinga – både i Gratangsbotn og deltakarane i Trønderbataljonen som var i harde kampen under slaget her den 25. april 1940.
Helge Husby har tidlegare samla ein del historikk om slaget som er kome på trykk i «Hendt og hender i Tingvoll», men no er han i full gang med å skrive bok som omhandlar Trønderbataljonens aktivitetar under nøytralitetsvakta i Finnmark før krigen, og med utvida emne om bataljonens kamp under slaget i Gratangsbotn denne dagen.
Dei fleste som har delteke i krigshandlingar under 2. verdskrig har vore vanskeleg å få i tale om kva som har skjedd – det har liksom aldri vore aktuelt å fortelje om kva som virkelig hadde skjedd. Helge Husby har vore nøydd til å jobbe mykje for å finne og få fram opplysningar i samband med bokprosjektet. Etter kvar har han kome i kontakt med kjelder, slik at han har fått danna seg eit bilete av kva som har skjedd og så fått mir kjøtt på beina etter kvart.
Husby tok oss først med til Finnmark, der Trønderbataljonen var på nøytralitetsvak under krigen mellom Finland og Sovjetunionen. Etter den tyske invasjonen av Norge vart det sjølvsagt full fokus på denne striden og bataljonen vart flytta sørover, med landgang i Bjerkvik og vidare forflytning til Gratangsbotn der det kom til kampar med tyske tropper.
Husby har skaffet seg detaljert kunnskap om desse kampane – mellom anna ved besøk og intervju med lokalbefolkninga i Gratangsbotn. Dermed har han klart å nøste sammen kva som har skje med dei forskjellige avdelingane og faktis detaljert innsikt i kva som har skjedd dei siste dagane og heilt detaljerte kva som hendte den 25. april da det brutale slaget i Gratangsbotn stod.
Trønderbataljonen bestod av rundt ein tredel nordmøringar og var representert i alle nordmørskommunene unnateke Sunndal – tilsaman var det 745 soldatar i bataljonen og av desse det var 34 som fall og 64 som vart såra denne aprildagen i Gratangsbotn. Av lokale soldatar som deltok i nøytralitetsvakt i Finnmark og under slaget i Gratangsbotn er Erik Bruset, Olav Moe og Josva A. Halset frå Todalen. Frå Nordvik deltok Hallvard Nordvik og Ola Nordvik