Todalen historielag hadde søndag sitt tradisjonelle bokslepp, der dei presenterte det nye årsskriftet for 2011 og hadde spedd på med kunstutstilling og visning av gamle smalfilmopptak etter Berta og Magnor Haltbakk. Et 60-tals interesserte trossa snøslapsen og kom til ungdomshuset for å sjå og høyre, og for kjøpe det nye årsskriftet.
Det nye årsskriftet har 86 sider med både gamal og ny todalshistore mellom permane. Årets tema i årsskriftet er lokale kunstnarar frå Todalen. Dei som er portretterte i heftet er Toril og Ingun Redalen, Lisabet Storslett og Margrete Halle Anthonsen. I det høve var det stilt ut maleri, akvarellar og teikningar etter Margrete. Ho er født i Todalen i 1922, og har bodd heile sitt vaksne liv i Oslo, der ho i dag bor på Majorstua. Her svingar ho framleis penselen i ein alder av snart 90 år.
I tillegg var det stor interesse for dei gamle smalfilmopptaka etter Berta og Magnor Haltbakk. Magnor var ein av dei første som hadde filmopptakar i Todalen, og han hadde gjort mange interessante filmopptak i midten av 60-talet. Kan nevna bilturen over Nordmarka på gamle grusvegar, hjorteforing i Østbødalen, snøvinter på Kårvatn og ikkje minst frå konfirmasjonen i Todalen kyrkje i 1964. Det er Anders Talgø som hadde laga og viste eit redigert opptak på 12 minutt. Dette var så interessant for publikum at det vart vist fleire gonger!
I årets hefte finn du også fleire interessante artiklar med varierte tema. Det er om todalingar som rodde fisket til Smøla, korndyrking og mjølmat i gamle dagar, om Øveråsmotoren i Svinvika, og ikkje minst ein fyldig artikkel om Halsetraset som gikk for 50 år sia. Eit 20-tal sider med gamle fotominner er også interessant, og det er presentert som eit galleri bakerst i heftet. Redaksjonskomiteen for heftet har vore: Maren Ansnes, Ragnhild Ansnes Moe, Wenche Ø. Kvendset og Ingri Bruset, og dei fekk mykje skryt for jobben dei har gjort.
Som sagt var det premiere for årsskriftet, og salget gikk unna. Over helga kjem hefta i salg på ICA Todalen. I tillegg vil dei bli lagt ut for salg i bokhandelen i Surnadal og på Joker butikken på Kvenna. Og sjølvsagt får du kjøpt både gamle og nye hefte hos Wendhe Kvendset i Viastua.
Nedafor har vi lagt ut eit fotogalleri fra historielagts arrangement i Todalen Ungdomshus. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal