Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Interessant årsmøte i Surnadal Heimbygdlag

Dordi Jorunn Halle Tysdag 13. februar 2024

Surnadal Heimbygdlag hadde årsmøtet sitt på Thon Hotel måndag 12. februar, både eit interessant og triveleg møte.

Frå årsmeldinga:

Heimbygdlaget har 60 medlemmer; styret hadde nok ønska at fleire av medlemmene stilte på årsmøtet.

Heimbygdlaget støtta i 2023 Tordenskjold songlag både økonomisk og med praktisk hjelp under feiringa av 125-årsjubileet for Hans Hyldbakk.

Likeså deltok dei med diverse praktisk hjelp under Vårsøghelga.

Surnadal Heimbygdlag er medlemmer i Nordmøre Mållag og Noregs Mållag. Noregs Mållag har hatt stor auke i medlemstalet i 2023. Det var viktig for interessa for nynorsk at Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur.

Rekneskapen syner at laget gjekk med underskott i 2023, men har god økonomi. Laget har vore rause med støtte til andre med heile 45 000 kroner året som gjekk, – Tordenskjold songlag fekk heile 30 000 kroner til Hans Hyldbakkjubileet.

Årsmøtet var i ei av Kallastuene – triveleg lokale. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Valg:

Leiar: Trygve Roaldset, nestleiar Svein Sæter, skrivar: Eivind Hasle, kasserar Leif Roar Bævre, styremedlem Gerd Ingrid Kvendset.  Varmedlemmer: Jorid Årvåg og Kjellaug Brørs.

Eivind Hasle var ansvarleg for «Ord for dagen» – der han kåserte om framveksten av bibliotek og folkeboksamlingar i Noreg.

Salg av bøker:

Heimbygdlaget har bra inntekt av boksalg. Mange av bøkene er å få kjøpt i bokhandel, men kan og kjøpast direkte frå laget.

Aktuelle bøker er: Haustferd, Lauvfall, Vårsøg – dikt i samling av Hans Hyldbakk, Ville blomster av Jørgen Gravvold, Ord te gagns, Markaslått, Surnabanen. Randi og Sverre Hatle: Å vera her (diktsamling).

I tillegg kan det nemnast at nestleiar Svein Sæter har gjeve ut fleire bøker. «Amerikabrev» kom ut hausten 2023 – her er gullkongen Fredrik Bruseth sentral. Han var son av klokkar Christen Bruseth frå Brusethaugen i Todalen, familien budde i Austigard Stangvik. Fredrik sende brev heim til foreldra med ei gledeleg melding: «I fjor høst gjorde jeg et gullfunn som viser seg å være det største i Amerika!»

Svein Sæter gjev delvis ut bøkene på eige forlag: «Blomsterhaug forlag».

Johanne Holten og Ida Mo – vakker song og musikk. Dei tek gjerne på seg oppdrag. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Underhaldning

Etter årsmøtet vart det flott musikkinnslag ved Ida Mo og Johanne Holten. Dei er 18 og 19 år gamle, og dei imponerte årsmøtelyden. Dei syng på nynorsk eller dialekt, og dei har sunge og spela i lag i mange år som elevar ved Kulturskulen, no er dei «freelance».

Dei starta med «Eg gløymer deg aldri», så «Kanskje du?» og til sist «Drømmen om ei ungdomstid» – ein song på dialekt som skildrar det isolerte ungdomslivet under pandemien.

Johanne og Ida er flinke både til å synge og skrive tekster. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Surnadal Heimbygdlag er medlem i todalen.no

 

Først publisert: 13. februar 2024, 12:12 - Sist oppdatert: 14. februar 2024, 00:11