Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Intensiv øving for Todalskorpset i helga

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. mai 2016

17. mai utan hornmusikk i toget kan vi neppe tenkje oss! Derfor er vi utruleg heldige som har ein gjeng med veteranar som stiller opp – kvart år – slik at vi får musikk i folketoget i Todalen. I helga er gjengen samla for øving i skulen, og det var slett ikkje vanskeleg å finne ut kvar dei heldt til med øvinga, for det var berre å følgje tonane til «Cut Time Strut» så vart du leda til rett klasserom.

Todalskorpset_9406

Todalskorset anno 2016 – bak frå venstre Peder Mauset, Lars Olav Mauset, Kristen Bruset, Hans gundersen, Jean kvendset, Frode grønmyr og Frode Sæterbø. 2. rekkje frå venstre Ingeborg Myrvang, Silje Marie Otterlei Husby, Ingebrigt Bergli, Knut Bergli, Linda Humberset, Steffi Bohle og Randi Helene Husby. foto: Jon Olav Ørsal

Dei fleste som blir med i Todalskorpset på 17. mai er veteranar frå Stangvik og Mo skulekorps som var lagt ned for nokre år sia, og gjengen ga tydeleg preg av at dei var utålmodige for å kome i gang. Det er så rart med historia om sirkushestane og sagmugglukta – det er noko i dette!

Korpset skal altså delta i folketoget frå kyrkja og oppover til skulen, der feiringa av nasjonaldagen skal foregå. Til feiande tonar av «Gamle jegermarsj» forlater vi øvingslokalet og let dei få ta finpussen i fred og ro, og føler oss trygge på at alt er på plass til den 17.

Ingebrigt_Trommis_9411

Trommisaspirant og Todalskorpsets yngste er Ingebrigt Bergli. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 14. mai 2016, 18:00