Onsdag kveld inviterte Byggmakker Surnadal til «Damenes aften», eit arrangement som er blitt ein tradisjon og som er riktig populært for damer i alle aldrar. Her er det mange gode tips å få til opp-pussing før jul.
Konferansier for kvelden var Åse Børset frå Rindal, ho var både dyktig, underhaldande og engasjerande. Først fortalde ho litt om seg sjølv. Ho gjekk inn forsvaret som 18-åring og er no med i Heimevernet, og der hadde ho nyleg delteke på tropps-sjefkurs. «De va 50 karra å me!» sa ho, og det høyrdest ut som om ho hadde erfart mykje, hatt det artig og lært litt om tankemåten til karar. Ho er også lærar og driv firmaet Trialog som tilbyr kurs og foredrag for bedrifter med teamutvikling og individuell veiledning.
Thomas Holm frå Jotun presenterte fargar og trendar for haust og vår. Han presenterte det nye fargekartet til Jotun, «Lady home living», og han kunne fortelje at fargekartet er globalt, og at digitalt fargekart er nytt av året, adressa er colours.jotun.no Han gav gode tips til opp-pussing og måling både av rom og gamle møblar. No er det in å bruke litt mørkare fargar til tak, 78 ulike fargenyansar er det å få i takmåling hos Jotun. «Lady Pure Nature interiørbeis» egnar seg godt til panel og motverkar gulning. Fargekart og fleire tips er å få hos Byggmakker.
Kortreist kjøkken- og badeinnreiinga vart presentert frå Fossline i Meldal. Luxaflex er spesialistar på solskjerming, og dei viste fram liftgardiner, persienner, rullegardiner osb. Langlo viste det nyaste innan garderobeløysingar med skyvedører og «Walk-IN».
Roger Luneborg frå Talgø presenterte det nyaste når det gjeld «småhus» som hagestuer, multiboder og pergola til uterommet – modulbaserte byggesett i ferdige element, så her kan ein gjere mykje sjølv. Dette er populært, og det kjem ein del nytt til våren kinne han fortelje.
Elles var det presentasjon av lokal mat med smaksprøver, kaffe og kaker og gratislotteri med fine gevinstar. Og Hageland hadde mange gode tilbod denne kvelden.
Dagleg leiar for Byggmakker og Hageland i Surnadal, May Britt Dyrli, kunne fortelje at Byggmakker arrangerer «Damenes aften» over heile landet før jul. Ho var godt fornøgd med kvelden og at 110 interesserte damer møtte opp.
Det var ein interessant, informativ og triveleg kveld, altså ein vellukka «Damenes aften», og mange fekk inspirasjon til nye prosjekt i heimen.