Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalingar inntok Old Trafford….

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. februar 2015

Sist helg var ein gjeng på fotballweekend til Manchester. Vi har fått bilder frå Ola Talgø, som var med på turen og som har teke vare på nokre minner som vi gjerne deler med våre lesarar. Pakketuren starta fra Værnes natt til fredag, med retur måndag ettermiddag –  etter ei aktiv helg og mange opplevelsar i Manchester, som bestod av meir enn berre fotball.

God stemning på tribunane saman med rundt 70 000 likesinna. Terje Nordvik og Terje Talgø Foto: Ola Talgø

Reisa over til Manchester vart litt forsinka av stort snøfall på Gardermoen, men omsider bar det i veg. Vel framme i Manchester vart  det busstur med omvisning på kjente MU-stader som Cliff gamle treningsfelt , George Best hybelhus, gravstedet til Matt Busy som var manager i mange år, omvisning på Old Trafford og til slutt besøk på ManU-megastore som er englands største butikk for supporterutstyr.

Manchester_Kamp_2892648

Manchester United mot Leicester – sluttresultatet vart 3-1. Foto: Ola Talgø

Laurdag var det stor stemning på Old Trafford (også kalla «Drømmenes teater»), med fotballkamp mellom ManU og Leicester, der heimelaget vann 3-1 til stor glede for ivrige supportarar.

Søndag var det tid for shopping og besøk i Europas største shoppingsenter – Trafford Center – som er det største kjøpesenteret i England, og kjent for sin flotte barokkstil. Det har 35 mill. besøkande kvart år, og har eigen jernbanestasjon i «kjellaren» og 11 500 parkeringsplassar.

Fotballtur_Torkjell_10952133

I Trafford Center – Englands største opplevelses og shoppingsenter – Frå venstre Terje Talgø, Ola Talgø, Edvart Nordvik, Kristoffer Nordvik og Terje Nordvik. Foto: Torkjel A. Moe

Takk til fotografane Torkjel Ansnes Moe og Ola Talgø som har fotografert med sine mobiltelefonar. Vi sett stor pris på å få bilder frå folk som er «ute i verden» – vi publiserer gjerne dersom vi får fine bilder og litt info om kva som foregår. Det er imidlertid viktig å sende bilda via e-post til oss, for mms-bilder har ofte for låg oppløysing til publisering på nettet. Vi treng ikkje full størrelse, men du kan gjerne bruke medium.

 

Publisert: 4. februar 2015, 18:54