Sist helg var her i Todalen prega av både halloween og handledag på Matkroken. Alexandra (frå Bjørli) og Nicole (frå Liatun) slo like godt to fluer i ein smekk og hadde ein artig opptreden på Matkroken da dei var på handlerunde på Matkroken laurdag.
Der fekk dei sjølvsagt stor oppmerkomhet og var eit populært innslag blant dei mange som stakk innom på handledagen og vart traktert med kaffe og bakels.
Vi har fått bilda tilsendt fra Justyna Krajewska som bor på Bjørli og Jaqueline Nordvik på Liatun. Dei vart sendt til oss alt på laurdag, men har av ein eller anna grunn hamna i søppelposten. Heldigvis oppdaga vi bilda før dei vart sletta, slik at vi fikk publisert dem!