Innspurten på anleggsarbeid på lysløypeanlegget på Tjønnmyra er i gang. Etter at Per Gjeldnes Maskin har planert og pynta på løypetraseen dei siste vekene, er no arbeidet med lysanlegget starta. Kablar er alt gravd ned og det som står att er montering av pålar. Det arbeidet starta tysdag kveld, og da vi var oppom Tjønnmyra hadde dugnadsgjengen alt fått på plass dei første pålane.
Det skal tilsaman monterast rundt 20 impregnerte pålar etter løypetraseen, samt ned mot avkjøringa frå Dalavegen og til arenaen. Når pålane er komne på plass, er det klart for montering av armaturar. Nils Ove Bruset som er ledar for dugnadsgjengen rekna med at anlegget kan ferdigstillast i løpet av juni. Så er det berre å vente på vinteren og skiføret!