Det var hektisk for gjengen frå Sollid Skog som er i full aktivitet med skogsdrift i Lauvålia ovafor Husby. Vi tok ein tur oppi hogstfeltet måndag, og da var det moderat temperatur på knappe 20 varmegrader, men vi lurte på korleis det var å drive med skogsdrift når det var over 30 varmesgrader i skuggen. – Men det var ikkje noko problem, for alle maskinene er utstyrt med klimaanlegg, og da bestemmer du temperaturen sjølv.
Vi er nok inne i ei tid med høg mekanisering i skogbruket i dag. Dei tre karane frå Sollid Skog er i Lauvålia på oppdrag for Stig Husby i Jostua, og skal ta ut eit par små granfelt med til saman rudnt 1000 m3. Dei køyrer kvar si maskin – ei hogstmaskin, ein lastbærar og ei gravemaskin. Gravemaskina lagar veg for hogstmaskina og lastbæraren. Dermed er det fort gjort å hogge, kappe og transportere tømmeret fram til vegen – slik at det kan hentast med bil og køyrast fram til industrikaia og skipast vidare til mottakar. Mottakaren i dette tilfellet er Moelven i Namsos, fortalte Roar Sollid.
Det er ikkje småtteri til maskiner som blir bruka i skogen, og dei representerer store verdiar. Ein ny lastberar kostar fort 3,5 mill. i dag og ein hogstmaskin ytterligare ein million. Da seier det seg sjølv at drifta lyt være effektiv skal ein få lønsam drift. Maskinene kjøres i dag på eit skift, men dei må medgi at enkelte dagar nok blir litt lange. Denne veka er det litt hektisk for å bli ferdig med mest muleg av hogginga på Husby, for båten som skal hente tømmeret kjem på torsdag. Frå helga blir det 3 veker ferie på gjengen – resten av grana på Husby får leve 3 veker til før den blir henta ut av skogen.
Sollid skog har 6 tilsette – halve mannskapet er altså på jobb i Todalen. Den andre halvparten er i Torvika på jobb, og dei gler seg nok også på 3 veker sommarferie no. Sollid-gjengen håpa berre at ikkje alt godvêret er oppbruka dei siste par vekene.